Om oss

Det starta i 1966

Røyseth Maskin AS er ein tradisjonsrik maskinentreprenør med heile Sogn og Fjordane som arbeidsområde. Bedrifta har røter attende til 1966, og har sidan den gong gjennomført ei lang rekkje små og store prosjekt – for næringsliv, offentlege etatar og privatpersonar. Vi har i dag 27 tilsette med lang og variert røynsle innan grunn og anleggsarbeid.

Stort tenestetilbod

Røyseth Maskin har brei fagleg kompetanse og eit stort tenestetilbod. Vi er godkjende for ansvarsrett i tiltaksklasse 2, og har vore medlem i Maskinentreprenørenes Forbund sidan 1975.

Kompetanse / sertifikat

Leiing

  • Håvar Røyseth, styreleiar: 916 86 177
  • Henrik Røyseth, dagleg leiar: 95 40 20 63

Hovudtelefon: 578 18 588