Førde Granitt & Bruland Sandtak

Ope alle vekedagar mellom 07.30 og 16.00

Sjå nettsida www.forde-granitt.no

I desember 2014 kjøpte Røyseth Maskin AS alle aksjane i Førde Granitt AS. Vi er stolte over å ta over ei tradisjonsrik bedrift med eit godt navn og rykte. Førdegranitten er eit ettertrakta og godt produkt som vi ynskjer at flest mogleg skal få nytte. Vi tek sikte på å auke produksjonen for å møte etterspurdnaden i marknaden. Sommaren 2015 vart Røyseth Maskin AS og Førde Granitt AS slege saman til eit selskap. Førde Granitt skal heretter drivast vidare som ei avdeling i Røyseth Maskin AS. Dette får ingen dramatiske konsekvensar for verken kundar eller tilsette.

Utanom murstein kan vi levere sprengt fjell og alle typar knuste massar frå steinbrotet på Reset i Førde. Ta kontakt med Sindre Rørstadbotnen (90 51 75 80) for informasjon om produkt eller prisar.

Bruland Sandtak

Ope alle vekedagar mellom 07.30 og 16.00

Sandtaket finn du innst i Sandbrekka på Bruland i Førde. Alle våre tilslag for betongproduksjon er godkjende av kontrollrådet for betongprodukter. Her finn du link til vår produktliste som viser kva fraksjonar og massar vi kan tilby (pdf). På førespurnad kan vi også tilpasse fraksjonar etter behov.

Vi kan levere både natur- og kunste massar, slik som:

  • Støypesand
  • Filter- og kabelsand
  • Fyllmasse/morenemasse
  • Singel
  • Fallgrus
  • Knust veigrus
  • Bærelagsmasse
  • Knust pukk
  • Strøsand
  • Solda jord

Til bruk i sandkasse tilrår vi å nytte støypesand. Fallgrus nyttast som fallunderlag for disser, klatrestativ o.l.

Ta kontakt med produksjonsleiar Tore Personbroten (97 16 81 02) for informasjon om produkt eller prisar.