Tenester

Røyseth Maskin har eit breitt utval tenester. Vi har lang fartstid i anleggsbransjen, og leverer kun arbeid etter høgste standard. Les meir om våre tenester under:

  • Opparbeiding av tomter for alle typar bygg
  • Oppføring av murar og bygging av trapper og stiar i naturstein
  • Planering og utforming av tun, hage og parkområde
  • Grøfting og drenering av grunn og mark
  • Boring og sprenging
  • Bygging av vegar
  • Masseforflytting
  • Dyrking og planering (Røyseth Maskin AS er ein av få entreprenørar i fylket som har bulldosar. Ei svært effektiv maskin for avdekking, planering og utlegging av massar.)
  • Opparbeiding av tomtefelt
  • Bygging av komplette VA og kabelsystem
  • Bygging av  småkraftverk (Vi har til no utført grunnarbeidet for 8 småkraftverk)

Vi kan tilby massetransport med både lastebil, semi og vogntog. Ein enkel lastebil tek ca. 13 tonn, noko som tilsvarer omtrent 8 m3, avhengig av massetypen. Semi eller vogntog kan ta ca. 30 tonn, noko som tilsvarer omtrent 18 m3, avhengig av massetypen. Ved behov kan massane strøast. Høvling med traktor og skjær kan utførast på forespørsel.

Vi kan også utføre tungtransport/spesialtransport med maskinsemi som har ei lasteevne på inntil 42 tonn. Inntil 35 tonn flyttast på fast dispensasjon. Over 35 tonn må vi søke løyve frå vegvesenet. Behandlingstida er inntil 2 dagar.

I desember 2015 skaffa vi oss ny Carnehl maskinsemi med tvangstyring på aksel 3 og 4, uttrekk og hydraulisk bredding. Tillatt totalvekt er heile 80 tonn, og vi får ei lasteevne på omlag 56 tonn.

Vi utfører både sikting og knusing av stein, grus og jordmassar med våre mobile knuse og sikteverk. 19.mai 2014 fekk vi levert ny beltegåande grovknusar av typen Locotrack LT106S. Første jobb for nyeknusaren vart utført hjå Bjørkhaug Maskin AS i Lavik.

Vi kan utføre riving og sanering av gamle bygningar. Avfallet sorterast og vert levert til godkjent deponi.