Maskinentreprenør i Sunnfjord

Røyseth Maskin

er ein tradisjonsrik maskinentreprenør med moderne maskinpark, god ordretilgang og lyse framtidsutsikter. Vi held til sentralt i Sunnfjord, og har i dag 38 tilsette i firmaet. Alle våre oppdrag utførast etter høgste standard, nøye i høve til forskrifter og tidsfrist. Med Røyseth Maskin veit du at jobben vert utført trygt og grundig av erfarne fagfolk.

Vi kan utføre alt innan grunnarbeid, slik som:

  • Opparbeiding av tomter, vegar og VA-anlegg
  • Boring og sprenging
  • Muring og levering av naturstein
  • Riving og sanering av gamle bygningar

Vi kan og tilby massetransport og spesialtransport, knusing og sikting. Frå våre sandtak og steinbrot i Førde, leverer og produserer vi alle typar grusmassar, og murstein av typen Førdegranitt.

Ta gjerne kontakt om du har spørsmål angåande våre tenester, produkt eller prisar.

 

Ripeneset hyttefelt i fantastiske Askvoll

Vi har for sal 4 hyttetomter på Ripeneset, berre 10 min frå Dale via Dalsfjordbrua.
Veg, vatn, avløp og straum er lagt fram til tomtene og er innkludert i prisen.
Tomtekart pr 24.08.18

Sjå annonse på finn.no her.